Tafjord Cup 2024

I helga hadde Haram HK fire lag i aksjon under SIF/Hessa sin Tafjord Cup.

G14 vann si pulje og imponerte verkeleg denne helga. Dei gikk seirande ut av alle sine kampar.

J15 har hatt ein litt tøff start på sesongen, mykje sidan de ikkje har ein fast trenar på plass. Dei fikk ikkje den samme seiersrekka som guttane, men imponerte likevel. Spesielt imponerer dei med forsvarsspillet sitt, som ein tydeleg kunne sjå at vart betre og betre gjennom helga. Med litt fleire mål framover vil dette bli ein kjekk sesong for jentene.

J12V er kanskje det årskullet som har flest aktive spelarar i HHK si historie. På dei tre laga er det totalt ca. 30 spelarar i 2012-kullet. Haram stilte to lag på Tafjord Cup og begge laga presterte veldig godt. Ekstra kjekt var det at nokre spalarar fra J12B var innom å hjelpe siden det vart litt fråfall pga sjukdom. Mange seiarar og mange flotte prestasjonar denne helga. Desverre vart ikkje alle spelarane med på lagbildet.

Tafjord Cup er ein veldig fin måte å starte sesongen på, så det kan anbefalast til alle lag.

Ny spiller? (født 2017)

Treninger og informajon blir distribuert gjennom Spond. Last ned appen og skriv inn kodene til det laget som er mesthensiktsmessig for ditt barn:

Kick Off 2024

Dugnad med meining

Jente-15 er eit av laga som meldte seg på strandryddedugnad. Det blei god fangst på strekninga Hamnsund-Uggedal.

Flott vêr, flott natur, Bluetooth høgstaler og allsang!

J15 på ryddeaksjon

Sesongoppkjøring

Harams Damelag har vist kva dei er gode for i treningskamp mot SIF/Hessa!

Lagleder rapporterer om en tøff kamp, der damene slåss til siste minutt.

De møtte et lag som spiller i en divisjon høyere, men dette stoppet ikke denne fantastiske flinke gjengen i å gi full innsats. Her jobbet de på fullt og gjorde en fantastisk jobb både i forsvar og angrep som førte damene inn til en velfortjent 13-18 seier. Utrolig bra spilt av hele laget!!!

Treningskamp J20 – Damelaget

I kveld var det treningskamp mellom Skodje/Haram J20 (med noen gjester) og Haram Damelag.

J20 kom seirende ut denne kampen, mykje godt spill og tøffe dueller. Blir spennende å følge begge lag til hausten.

J20 og damelaget (📸: Sonja Alvestad)
Helsing og motivasjon før kamp (📸:Anders Leine)

Herrelaget

HHK har no hatt eigne treningstider for Herrelaget nokre månadar, men skulle gjerne hatt fleire med for å få bedre utbytte av treningar, kunne spele litt på trening og gjere vurderingar om ein skal sjå på moglegheiter for en trener og påmelding av lag, på litt sikt.

B.f.v.: Jonas Sporstøl, Anders Leine, Stian Hoppestad, Erlend Otterlei, Torstein Håvik, Arthur Hjelm, Alexander Otterlei.
F.f.v Iver Lausund, Cosmin Barau, Arnold Pazdzierny

B.f.v.: Jonas Sporstøl, Anders Leine, Stian Hoppestad, Erlend Otterlei, Torstein Håvik, Arthur Hjelm, Alexander Otterlei.
F.f.v Iver Lausund (G13), Cosmin Barau, Arnold Pazdzierny

Er du interessert, eller kjenner nokon som kunne vere interessert så høyrer vi gjerne frå deg.
Vi har spelarar i med forskjellig bakgrunn, i alderen 17 til 46 år, så her er det plass til alle, så dette er relativt lavterskel.

Vi har Spond gruppe med kode KPIZM der vi planlegg treningar.

Håpar å sjå nokre nye ansikt når vi starter opp etter ein liten sommarferie.

Inspirasjonssamling

Jeanette, Kari-Ann, Christin, Frode, Roar og Anders var i dag på inspirasjonssamling nr.3 av 4 i regi av Skodje IL. Igor Koprivica var instruktør. Denne gangen var det strekspill på programmet.

Trening av strekspillere

Første heimekamp for damelaget!

Onsdag 8.mai klokka 19:45.

Vestnes Varfjell kjem på besøk denne kvelden.

Åpent for publikum! Satser på fulle tribuner!

Fra treningskamp i Langevåg