Tafjord Cup 2024

I helga hadde Haram HK fire lag i aksjon under SIF/Hessa sin Tafjord Cup.

G14 vann si pulje og imponerte verkeleg denne helga. Dei gikk seirande ut av alle sine kampar.

J15 har hatt ein litt tøff start på sesongen, mykje sidan de ikkje har ein fast trenar på plass. Dei fikk ikkje den samme seiersrekka som guttane, men imponerte likevel. Spesielt imponerer dei med forsvarsspillet sitt, som ein tydeleg kunne sjå at vart betre og betre gjennom helga. Med litt fleire mål framover vil dette bli ein kjekk sesong for jentene.

J12V er kanskje det årskullet som har flest aktive spelarar i HHK si historie. På dei tre laga er det totalt ca. 30 spelarar i 2012-kullet. Haram stilte to lag på Tafjord Cup og begge laga presterte veldig godt. Ekstra kjekt var det at nokre spalarar fra J12B var innom å hjelpe siden det vart litt fråfall pga sjukdom. Mange seiarar og mange flotte prestasjonar denne helga. Desverre vart ikkje alle spelarane med på lagbildet.

Tafjord Cup er ein veldig fin måte å starte sesongen på, så det kan anbefalast til alle lag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *