Bli Sponsor

Klubben blir drifta på dugnad og er avhengig av bedrifter som er villig til å støtte med midlar og/eller gode rabattar for å opprettehalde eit tilbod som er for alle. Spesielt er dette viktig i arbeidet mot ungdommar frå 13 til 20 år, der ein på enkelte lag må hente inn ekstern trenarkompetanse.

Ved sponsing kan det forhandlast om korleis sponsor skal marknadsførast av handballklubben. Det kan vere profilering i høve arrangement, heimeside, gevinst knytt til lotteri eller logo på drakter.

Gåver klubben får disponerer styret på best mogleg måte for ei samla spelargruppe.

Dersom bedrifta ønskjer å sponse Haram Handballklubb, set vi stor pris på det.
Størrelse på spons er sjølvsagt opp til bedrifta, kom gjerne med forslag.

Ta kontakt med styret om du eller di bedrift har moglegheit for å sponse HHK

Grasrotandel:

Donasjon på VIPPS:

-Styret