Velkommen

I Haram Handball klubb skal lagleiing, foreldre og utøvarar medverke til at det er kjekt for alle å spele handball,
både med og mot Haram Handball Klubb.

Visjonen vår er at Haram Handballklubb skal gjere Haram til ein betre plass å bu, der dei grunnleggjande verdiane er:

H – HALDNINGAR

A – ALLSIDIGHEIT

R – RESPEKT

A – ANNERKJENNING

M – MOT

Vi ønskjer positive tilrop frå tribunen.
Vi aksepterer ikkje protestar, kjeftbruk og sjikanøse tilrop til dommar og spelarar, verken frå benken, frå spelarane eller frå tribuna. Ein møter alltid motstandarar, dommarar, foreldre og andre med respekt.

Vi har alltid vunne noko, sjølv om vi taper kampen. Det kan være ein ny spelar som scorar sitt fyrste mål, keeper som reddar eit spesielt skot, at forsvaret blokkerer eit skot, eller at ein endeleg lukkast med ein detalj det er trena mykje på.

Vi ønskjer å vinne kampen på tribuna, med den beste støtta eit lag kan ha!

Haram Handballklubb skal vere ein inkluderande breiddeklubb som arbeidar etter Fair-play prinsippa.