Haram HK

Haram handballklubb vart stifta i 1989, og har sidan den gang samla unge og senior handballspelarar frå alle bygdene i Haram. Klubben har per i dag treningstider både på Eidet og i Brattvåg, med spelarar i alderen 7-47 år er i aktivitet ein eller fleire dagar i veka.

Dei siste åra har klubben fokusert mest på barneidrett. For å gjere det lettare å rekruttere gode dommarar, trenarar og lagleiarar på sikt, har klubben valt å gjenoppta fokus på senior handball.

Sesongen 2023/24 gjekk ein inn i eit samarbeid med Skodje IL for å kunne gi eit tilbod til ungdom mellom 15-20, dette har vore ein stor suksess.

I januar 2024 starta klubben opp eiga satsinga mot damelag, der ein no har fått etablert ei stabil spelargruppe og ønskjer å melde opp lag til sesongstart i september.

På herresida er det også etablert eit tilbod, som i første omgang vil være ei trimgruppe til ein ser kor solid og stabil spelarstall ein klarer å byggje.

– Alle skal med –

Vi har som mål at «alle» skal kunne spele handball om dei ønskjer, og har difor vore bevisste på å halde treningsavgifter og kontingent på eit lågast mogleg nivå, som også skal gjere det mogleg å kombinere handball med andre idrettar. Dette er eit av hovudfokusa til styret.

– Gratis inngang –

Haram Handball er ein av svært få klubbar i vårt område ikkje tar inngangsbillett når laga våre spelar kampar på heimebane. Dette for å oppnå høgast mogleg tilskodartal, og at ingen skal halde seg heime fordi dei ikkje kan ta seg råd til å sjå eigen unge spele kamp. Slik skapar vi handballglede og miljø. Set pris på om dei som har moglegheit til å støtte sjekkar utvalet i kiosken.